59,79° N · 5,19° EOm GLØTT
Hei, eg heiter Stian.
Eg står bak GLØTT – eit lite, lokalt tilbod om kamerautleige på Bømlo.
Ideen er enkel: Du skal kunne leige skikkeleg utstyr når du treng det, få ærleg hjelp til å velje rett og sleppe å kjøpe noko som berre blir liggjande i skapet.
Når du sender ei førespurnad, er det eg som svarar, klargjer utstyret og møter deg ved henting. Du får hjelp frå ein person, ikkje eit bestillingssystem.
Namnet og symbolet er inspirerte av Lykling, der eg vaks opp. Forteljingane om gruvene og gullperioden sit i landskapet. I GLØTT har dette vorte til mørkt fjell og ein lysstråle som bryt gjennom.
Personleg
Du får råd frå meg og eit oppsett som passar til det du faktisk skal lage.
Lokalt
Du hentar utstyret og leverer det tilbake på Bømlo etter avtale.
Ordentleg
Utstyret er kontrollert, lada og ferdig pakka før du kjem.